del to:

kva er klump???

ein visuell refleksjon omkring mjuke formar og objekt

hypotese: mjuke ting er bra!

her er nokre mjuke klumpete mystiske amorfe formar:

desse klumpete formane kan likne på veldig mange ting.

men kva er dei? er dei noko? treng dei å vere noko?



vi veit ikkje kva dei er! eller kvifor!



men vi kan assossiere dei med ting vi veit (litt) betre kva er

til dømes:

mat

sjø

kropp

natur

dette er velkjende ukjende ting.

objekt vi kjenner, men har vanskeleg for heilt å plassere.

ting vi veit finst, men kanskje ikkje heilt kan forstå.

vi veit at dei har ein slags funksjon.


men kva med formane som er ukjende både i

  • form

og

  • funksjon?

ting vi ikkje veit korkje 

  1. kva er

eller

  2. kva gjer

menneske leitar som vi veit alltid etter likskap i ting (det er eit fjes i skyane!) – men også etter funksjon eller formål. kva er meininga med denne? kva nyttar ein denne til? kvifor finst den dersom den ikkje har noko synleg verdi for meg?

korleis skal ein skildre noko dersom ein ikkje veit kva det er?

denne klumpen er på storleik med ein litt slapp fotball

kasserte kjøkenhandkle (eit funksjonelt objekt som ikkje lenger fyller dei funksjonelle krava vi har satt - at den skal vere rein og hel) frå helsevesenet

denne klumpen er på storleik med ein liten hund

objekta er ein del av vår verd. eller er vi ein del av deira?

skumfyll (avkapp – den negative delen av den funksjonelle formen) ombrukt som fyll til ein bamse

(eit funksjonelt objekt som ikkje lenger er funksjonelt for eigaren av objektet – truleg grunna aldring)

desse mjuke og udefinerbare (det er vel kanskje eit subjektivt definisjonsspørsmål) formane treng ikkje ha ein funksjon. men dei kan det.

menneske

ting

ein omreisande klump (her på metroen i paris)


kven passar på kven?

her er eit slags diagram som viser mjuke fylte formar med funksjon:

felles for dei alle er at funksjonen eigentleg berre ligg i deira eksistens – dei kan ikkje bidra med noko psykologisk eller fysiologisk ekspertise – deira nærvær er ein funksjon i seg sjølv.

dei kan likne på noko, dei kan nyttast til noko, men først og fremst er dei berre mjuke klumpar som eksisterer på sine eigne premiss. og det kan eg akseptere!!!

om du har tid:

kva er ting???